Velkomen til Herand Landskapspark!

Me jobbar med ny side for Herand Landskapspark!

Denne sida er diverre ikkje oppdatert på nokre år, så ikkje alt du finn her stemmer lenger.

Ein del info kan du finna på www.herand.no

___________________________________________________________________________

Herand Landskapspark har eit prisbelønna kulturlandskap og ligg som ei perle midt i Hardanger ved foten av Folgefonna Nasjonalpark. Ein unik topografi har gitt rom for eit avgrensa bygdesentrum der alle kulturminna er samla innan gangavstand og skaper eit autentisk miljø ein knapt finn maken til.

Her kan du oppdaga ein del av Noreg si kulturhistorie, nyta det unike kulturlandskapet, besøka gardstun eller kjenna energien til naturen på hesteryggen, i sjøkajakk eller i bygda sine mangfaldige og godt merka turstiar.

På Eiketunet Lefsebakeri kan du nyta fersk lokalbakst som krotakaker og mjølkekaker. Det, og fleire lokalproduserte varer finn du i nærbutikken, i restaurant Meieriet og av og til på Krambua i Vik. På Meieriet Restaurant kan ein kose seg med kaker og kaffi eller steinomn steikte Pizza. Øl og vinrett.

For grupper kan det organiserast guida turar med utgangspunkt i Herand Kulturhistoriske senter. Alt etter kor mange timar ein har til rådvelde kan me ha vandring langs bygdas mange atraksjonar eller på kulturstien. Lunsj eller middag kan ein nyta i Meieriet, på Vassel gard eller på Kulturhuset som har stor ny matsal og kjøken og plass til 70 - 80 gjester.

Ta kontakt, så syr me saman ein pakke i lag! (+47 99640120)

Herand har noko å by på for ein kvar smak - hjarteleg velkomen!

 

Kulturhistoriske senter

Kulturhistoriske senter

Velkomen til den moderne utstillinga “Ei reise gjennom 9000 år"!

Les meir

Hardanger Kulturgalleri

Hardanger Kulturgalleri

Kunstutstilling og meir i eit spanande arkitektonisk byggverk.

Les meir

"Mellom Himmel og Fjord"

Kunstprosjekt "Mellom himmel og fjord"

Eit 3-årig prosjekt med kunst i landskapet i regi av kunstnarorganisasjonen Harding Puls. Opningen i Mælen er 07.07.14.

Mehr info på www.kunstlandskap.no