
Aktivitetar
Herand, den vesle bygda mellom fjord og fjell har forutan spanande kulturhistorie og vakkert kulturlandskap eit rikt utval av aktivitetar å by på.
Er du glad i å gå på tur, bør du prøva ein av dei mange godt merka turstiane. Her kan du oppleva kulturlandskapet, nyta fin utsikt eller vakkert stølslandskap. Har du trong for å slappa av kan du oppleva det prisløna kulturlandskapet vårt på hesteryggen eller kosa deg på badestranda. Er du ute etter fart og spenning, kan me tilby vasski på fjorden eller klatring i den spektakulære fjellveggen ved Vassel. Synes du det ville vera kjekt å ta med deg heim eit varig minne frå bygda, kan du prøve deg med næverfletting og ulltoving. Eller kanskje ein god smak av lokalproduserte krotakaker?