Bading

Badestranda HerandMidt i bygda, tett ved båthamna ligg den koselege badestranda i Herand. Her er gode badetilhøve både for vaksne, born og småborn, og det er fint lagt til rette for å tilbringa mange timar her om ein vil.

Ein finn grillplass, bord/benkar og trampoline her.

Det er kort veg til båthamna sitt sanitæranlegg.