Fjellklatring på Vassel

Fjellklatring på VasselDet fyrste ein legg merke til når ein kjem køyrande mot Herand er den markerte bergveggen som avgrensar bygda mot Samlen. Mang ein fjellfant rekande forbi har undra seg på om det er råd å klatra i dette facinerande berget.

Folgefonni Breførarlag har no gjort høva for klatring på Vassel enklare og meir spanande. Dei har sett boltar i fjellet, så ein kan klatre der på ein trygg måte.

Kontakt Folgefonni Breførarlag AS 

Tel.:  55 29 89 21 / 95 11 77 92

Epost: post@folgefonni-breforarlag.no

 

Det er laga nokre heilt enkle ruter, og nokre med høgare vanskegrad. I tillegg er det laga ein spektakulær rappell, der ein kan sleppe seg ned, og henge i lause lufta og nyte utsynet mot Hardangerfjorden. Rutene er laga slik at både born og vaksne kan få utfalde seg. Grunna den flotte naturstien som Herand Bygdelag har laga er tilkomsten til klatre området særs bra.