Ut på tur!
I Herand med sitt vakre og varierte landskap, med sin særeigne beliggenhet og kulturhistorisk rikdom, finns det mange forskjellige turar, kvar med sin eigen sjarm.
Stiane går langs sjømiljøet, over grøne enger med beitedyr, inn under hellarar med steinalderbuplassar eller framom heiane av granittisk gneis, forbi frodige sommarstølar og inn i fredeleg fjellandskap med tildels fantastisk utsikt.
Markering
Turstiane du kan besøka i Herand har ulik lengd og vanskegrad. Dei er merka med standardiserte fargekodar. Grøn løype tyder at det er ein forholdsvis lett tur. Blå løype er av middels vanskegrad og raud noko meir krevande.
Turkart
Ein kan få kjøpt turkart for Herand og Jondal kommune på turistinformasjon i Jondal, butikken i bygda eller Herand Kulturhistoriske senter. Stiane er godt merka.
Hugs gode sko, litt godt i sekken og fotoapparat. God tur!
