
Guida kulturvandring / turar
I Herand med sitt vakre og varierte landskap, med sin særeigne beliggenhet og kulturhistorisk rikdom, finns det mange forskjellige turar, kvar med sin eigen sjarm. Kanskje vil de ut i naturen, eller kanskje ha ei kulturvandring i den kompakte bygda som har så rikeleg å by på. Med utgangspunkt i Kulturhistorisk senter lagar me kortare eller lengre turar/ pakkar for grupper.
Går de aleine finn de at stiane går langs sjømiljøet, over grøne enger med beitedyr, inn under hellarar med steinalderbuplassar eller framom heiane av granittisk gneis, forbi frodige sommarstølar og inn i fredeleg fjellandskap med tildels fantastisk utsikt.
Markering
Turstiane du kan besøka i Herand har ulik lengd og vanskegrad. Dei er merka med standardiserte fargekodar. Grøn løype tyder at det er ein forholdsvis lett tur. Blå løype er av middels vanskegrad og raud noko meir krevande.
Turkart
Ein kan få kjøpt turkart for Herand og Jondal kommune på turistinformasjon i Jondal, butikken i bygda eller Herand Kulturhistoriske senter. Stiane er godt merka.
Guide
Me vil hjelpa deg å finna guide til kultursti og vandringar etter ønskje. Me syr òg saman pakkar for grupper. Då er Kulturhistorisk senter eit must. Alt etter kor sprek gjengen er kan ein så ha ei vandring i kulturstien (1,5 time i ganske lett terreng), eller på asfalterte vegar i bygda. Me kan servera mat til grupper opp til 80 personar. Ring Una Eiken på: 916 22 691 eller Marna Roer på: 996 40 120
Hugs gode sko, litt godt i sekken og fotoapparat. God tur!