
Attraksjonar
Herand, den kulturhistoriske bygda, har mange attraksjonar å by på, og du kan lett finna aktivitetar til å fylla fleire dagar.
Her kan du gå ut og finna spor etter både fjern og nær fortid ved å rusla rundt i bygda eller ved å ta turen i ein av dei mange merka turstiane rundt om i det godt vedlikehalde kulturlandskapet. I den lokale Husflidsbutikken kan ein finna vakkert kunsthandverk og i Kulturgalleriet i Mælen kunst, kultur og ei unik utsikt.
Ta deg tid til å undersøka nærare kva du kan finna her. Du er hjarteleg velkomen!
Her finns utstillinga “Ei reise gjennom 9000 år", ei moderne utstilling med interessante skjermvisningar og nydelege storformat fotografi.
Mellom romantiske gamle epletre ligg Mariskarvet med eit unikt helleristningsfelt. Her finns det heile 85 figurar frå bronse- alderen, m.a. sjeldne menneskefigurar.
Her kan ein få kjennskap til ein svært viktig epoke i bygda si historie: Herand som kjent båtbyggarstad. Museet viser dokument, bilete og ein ekte "Herandsgavl".
Få med deg eit spanande innblikk i eit gamalt handverk. Bruk sansane og kjenn lukten av nyskore tømmer, høyr lyden av vasshjulet og sjå korleis vasskrafta driv saga.
Gamalt gardstun med røter attende til 1600 talet med tradisjonelle bygningar som våningshus, skykkjer, stabbur, løer og eldhus. Lefsebakeri med murt vedfyrt baksteomn.
Restaurert landhandel som ligg fint til i sjømiljøet. I autentiske hyller og skuffer finn du mange gjenstandar frå gamle tider. Enkelte dagar utsal for lokalprodusert mat.
Tradisjonsrik gard midt i hjartet av Herand med ei samling av gamle bruksting og gardsreiskapar.
Kulturvandring der du kan oppdaga mykje kulturhistorie, spanande geologi og eit rikt planteliv. Det er sett opp tematavler langs stien.
Utstillingslokale, konsertlokale og kafe i eit spanande arkitektonisk byggverk på garden Mælen. Galleriet ligg naturskjønt til med ein fantastisk utsikt utover fjorden.