
Båtbyggarmuseum
I Båtbyggarmuseet i båthavna kan ein få kunnskap om ein svært viktig epoke i bygda si historie: bygging av trebåtar. Museet stiller ut gamle arbeidsteikningar, rekneskapsbøker, bilete og en ekte "Herandsgavl".
Frå sommaren 2018 kan ein sjå filmen om båtbyggjinga i Herand på Herand kulturhistoriske senter.
Opningstider: | Ope kvar dag i mai, juni, juli og august; nøkkel står i døra |
Billett: |
20kr, legg i kasse på veggen |
Kontakt | Sverre Haugen
Tel.: 53 66 81 24 / 90 73 51 72 Epost: sverrehaugen1931@hotmail.com |
I Herand har bygging av båtar lang tradisjon. Rundt 1900-talet var bygda ein av dei største båtbyggarstadene på Vestlandet. Berre i året 1890 vart det bygd 300 båtar i denne vesle bygda. Mange store naust langs sjøkanten vitnar om denne tida.Mykje av materiala til båtane blei skoren på sagbruket påTveiten oppgangssag. Dette har nok vore avgjerande for at båtbygginga i bygda vart så omfattande.
Det var båtar av ulike slag og storleikar, men mest kjend har båtbyggarane i Herand vorte for "Herandsgavlen" - ein gavlbåt som var tverr bak og med ein rull til å dra garn eller not med. I eitt av nausta i båthamna er det i dag eit museum der ein kan sjå ein "Herandsgavel". Her kan ein studera det gamle handverket på nært hald, og verktøy som har vore i bruk er utstilt. Ein finn også arbeidsteikningar, rekneskapsbøker, ordrebøker bilete m.m. som dokumenterer denne viktige epoken i bygda si historie.
Ein artig sideeffekt av båtbygginga var at bygda fekk eigen bank. Båtbygginga var både ei viktig tilleggsnæring for mange bønder og også hovudnæring for fleire. Det gjorde at det var litt pengar blant folk og det var langt til nærmaste bank. I 1877 klarte såleis initiativrike menn å etablera Herand Ørebank.
Eit musèum vert til: Herand Bydelag tok kontakt med Jondal Kommune og Hordaland Fylkeskommune om etablering av ei bygdesamling i 1999. Sommaren 2005 var museet ope for publikum.
Jondal kommune støtta opp om initiativet og skreiv ”… at det er viktig å ta vare på den kulturhistoria og kunnskapen om faget som ellers forsvinn gjennom generasjonar. Arbeidet kan vurderast å vera et viktig kulturvernarbeid som kommunen uten initiativ og tiltak frå Herand Bygdelag vanskeleg hadde kunne prioritera."