
Eikjetunet
Eikjetunet er eit gammalt gardstun under restaurering. Det som gjer tunet unikt er at det er eit tobølt tun som står heilt autentisk slik det har vakse fram frå 1600 talet.
I dag går ein av turstiane i Herand gjennom tunet og gjer Eikje til ein naturleg stoppestad.
Opningstider: | på fredagar i sesongen, eller etter forespørsel |
Kontakt |
Ingebjørg Grøtt Tel.: 975 409 80 /536 681 10 Epost: ib.grott@kvamnet.no |
Tunet er eit såkalla tobølt tun, det vil seia at to brukarar (bønder) budde saman i eit tun. Opphavleg har det vore eit gardsbruk som så har vorte delt i to bruk. Her er to våningshus, to skykkjer, to stabbur, to løer og eldhus samla i same tun. Kor gamle husa er veit ein ikkje sikkert, men det eldste våningshuset vart flytta til garden frå Ulvik i 1650. I dag bur det tre generasjonar på gården: Terje Grøtt (5. generasjons eigar) som driv garden saman med kona, tre jenter og bestemor Signe.
Dei har 60 vinterfora sauer og i tillegg høner, katt og kaniner for eiga kos.
På garden finns det og eit tradisjonelt Lefsebakeri med murt vedfyrt baksteomn, der det vert steikt lefser, krotakaker og flatbrød. Les meir >>
På fredagar er bakeriet ope og ein kan kose seg med lefser og kaffe i rolege og idylliske omgjevnader.