
Hardanger Kulturgalleri
Som ei perle ligg Hardanger Kulturgalleri i Melen ved foten av "dragefjellet" Samlen, svært naturskjønt og med ein fantastisk utsikt utover fjorden. Kunstutstillinga er sommerope. Enkel servering.
Opningstider kaffé: | tysdag - fredag: 11-16 laurdag - sundag 11 -17 |
Billett utstillinga: | 40 kr |
Kontakt |
Sigrid Helle Hansen - Tel.: 466 60 441 Arne Bakke Mælen - Tel.: 92 20 46 07 Epost: post@kulturgalleriet.no Web: kulturgalleriet.no |
Galleriet ligg i eit gamalt rekketun med bygningar frå 15-1600 talet, der den gamle løa er rekonstruert og brukt som utstillingslokale, konsertlokale og kafe. Løa er eit svært spanande arkitektonisk byggverk der moderne element går saman med gamal byggeskikk og interiør på ein særdeles vellukka måte. Kunstutstillinga er sommerope og viser blant annet eigaren og trekunstnaren Arne Bakke Mælen sine produkt. Det vert også arrangert ulike kunst- og kulturarrangement, som "Eple Tango" eller konsert
Galleriet ligg i Melen, ca. 4 km frå Herand sentrum og 3 km frå riksvegen. Om ein ikkje vil køyra vegen for å koma dit, kan ein bruka sjøvegen eller gå den gamle ferdslevegen mellom Herand og Melen.