Herand Kulturhistoriske Senter

Herand Kulturhistoriske Senter

I det gamle skulebygget er Herand Kulturhistoriske senter med utstillinga “Ei reise gjennom 9000 år” lokalisert. Ei moderne utstilling med interessante skjermvisningar og nydelege storformat fotografi.

Opningstider:

28.06. – 10.08.: tysdag – sundag, 12:00 - 16:00

Resten av året opnar me på førespurnad frå grupper. (min 500,-)

Billett:

vaksne kr 50, born: kr 25;

Kontakt

Berit Tuvin

Tel.:  924 54 479

Epost: berit.tuvin@kvamnet.no

 

“Ei reise gjennom 9000 år”

Utstillinga tek for seg kulturlandskapet og historia i Herand frå siste istid og fram til førre hundreår. I Herand sitt autentiske kulturlandskap er det spor etter alle tidsperiodar, frå 9000 år gamal busetjing under hellerane, unike hellerstningar frå bronsealder samt nausttuft og gravfunn frå jernalder. Kulturlandskapet er forma av eldgamle jordbrukstradisjonar, sjølv om blant anna båtbygging og tømmereksport saman med oppgangssaga også var heilt sentrale næringar i nyare tid.

Utstillinga har fått eit moderne design og er basert på storformat fotografi og skjermvisningar. Den er meint å gje bakgrunnsinformasjon og inspirasjon til sjølv å gå ut og oppleva det rike kulturlandskapet og alt anna bygda har å by på. Fleire korte og lengre turstiar (sjå kultursti) er tilrettelagt for besøkande, og her vil du kunna finna att element frå utstillinga.

For grupper syr me gjerne saman pakkar der ein startar med utstillinga. Me serverer kaffi og kaker dersom det er ønskjeleg. Så kan me ta ein runde til attraksjonane i bygda (t.d: helleristingar, oppganggssag, båtbyggjarmuseum, krambua...), eller ein vil kanskje heller ta kulturstien, ei vandring som tek i underkant av 2 timar med guide. Lunsj eller middag kan òg ordnast etter avtale. Om sommare er Meieriet restaurant ope frå 15.00 eller me kan servera mat på Herand Kulturhus for intil 80 personar. Ta kontakt, så lagar me noko fint i lag! +47 99640120 (Marna Roer) / +47 91622691