Krambua

Krambua i VikRett ved sjøkanten og midt i det idylliske og fredelege sjømiljøet i Herand, ligg den restaurerte landhandelen - Krambua i Vik. Butikken, som er frå 1871, har framleis eit sus frå fortida over seg. Enkelte dagar med utsal av lokalprodusert mat som krotakaker, potetkaker, fersk frukt, Hardangerhonning, egg, havrekjeks m.m.

Opningstider:

Omvisninger for grupper på forespørsel

Kontakt:

Marta Samland

Tel.:  45220699

 

Krambua i Vik - sommeropen som utsal for lokalprodusert mat

Krambua og sjømiljøet

Hit - til den gamle krambua ved sjøkanten - kom folk i gamle dagar for å handla og fekk samstundes slå av ein prat med bygdefolk. Sjøen har vore sentral for Herand med tanke på kommunikasjon, båtbygging, fraktefart og fiske.

Butikken, eller krambua, som er frå 1871, har framleis eit sus frå fortida over seg. Lokalet framstår akkurat slik det var, og i autentiske hyller og skuffer finn du mange gjenstandar frå gamle dagar. Her står den gamle vekta og reklameskilt akkurat slik det ein gong var.

Krambua er ein del av eit heilt sjømiljø frå ulike tidsperiodar. Dei eldste spora går truleg heilt attende til folkevandringstida (år 400-600 e.kr.) med restar av ei langskipsnausttomt (vikingskip). Elles ser ein restar av eit kyrkjebåtnaust, ein gamal steinkai og ei nyrestaurert trebrygge som vart nytta av rutebåten. I området er det også mange gamle naust som har vore nytta til båtbygging. Gjennom dette miljøet går det ein gamal kjerresti, dels hellelagt.

Ta ei kulturhistorisk vandring gjennom dette miljøet som ligg sentralt til i bygda, kjenn den særeigne atmosfæren frå gamle dagar og kos deg med ein smak av Herand.