
Kultursti
Bygdefolket i Herand har gjennom utallige dugnadstimar tilrettelagt for ei kulturvandring gjennom bygda. Langs stien finn ein eit rikt planteliv, spanande geologi, kulturhistorie, og ein storslagen utsikt over fjorden og bygda. I tillegg får ein fin mosjon ved å ta turen gjennom lett, kuppert terreng.
Løypa går frå sentrum av Herand, gjennom eit idyllisk gardstun, inn under hellarar som har vore steinalderbuplassar, gjennom edellauvkog og gamalt kulturlandskap med sommarfjøs, trohes og mange styvingstre. Stien går og gjennom nyare kulturlandskap der ein gjerne møter på buskap som beiter.
Ved det finaste utsiktspunktet er det sett opp bord og benker. Ta gjerne med noko godt i sekken eller i lomma og ta deg tid til ein stopp her. Hugs fotoapparat! Koseleg om du skriv namnet ditt i gjesteboka som er lagt ut her.
Det er sett opp 4 tematavler langs stien der ein kan lesa om arkeologi, geologi, planteliv og kulturhistorie.
Fasilitetar:
God parkering. Lett tilgjengeleg frå båthamna (ca. 200 m til utgangspunktet). Stien er merka med grøne merke (lett tur) og tar ca. 1,5 til 2 timar.