
Oppgangssag
Midt i bygda ligg ei 400 år gamal oppgangssag, som framleis er i drift og sagar tømmer på gamlemåten.
Nokre dagar om sommaren er sagmeisteren på plass og ein kan få med seg at tømmerstokkar vert saga på ei fleirblada, vassdriven sag, kjenna lukten av nyskore tømmer og høyra lyden av vasshjulet og saga som går.
Her kan du sjå film om saga
Opningstider: |
Saga er open, det går an å sjå på eiga hand. Guiding og oppstart av saga etter avtale. |
Kontakt |
Johan Haugen Tel.: 909 75 368 Epost: johan.haugen@kvamnet.no |
Historien til Oppgangssaga i Herand
I Herand som mange andre stader i Noreg har skogen lenge vore ein viktig ressurs. Det var eit stort framsteg då vassdrivne sager kom og gjorde arbeidet med å saga tømmeret lettare. Ei oppgangssag er ei vassdriven sag med rett sagblad som går opp - ned. Slike sager vart tekne i bruk i landet frå omkring 1500-talet, og revolusjonerte trelasthandelen og gav gode tider i mange bygder.
Fyrste sikre dokumentasjon på Tveiti sag i Herand er frå 1603. Det er nevnt at dette året vart det sagd 300 bord ved saga. På denne tida var det stor eksport av tømmer til Skottland, og sagbruka hadde gode tider. Skottehandelen tok slutt på siste halvdel av l700-talet, men det var likevel grunnlag for å halda liv i sagene i bygda. Årsaken var den store produksjonen av båtar i bygda. Båtbygging har lang tradisjon,og tømmeret til mang ein båt både i distriktet og elles i landet vart skore her.
At det kom sag og var mykje skog i Herand var truleg grunnen til at fyrste sorenskrivaren i Hardanger og Voss busette seg i Herand i 1584. Han budde nettopp på garden Tveiten og dreiv saga i dei vel 50 åra han heldt til i Herand.I 1909 vart det kjøpt ei brukt fleirblada oppgangssag frå Sjur K. Skeie i Ulvik for 1450 kr. Dette var endå eit stort framsteg. No kunne ein skjera fleire bord av heile stokken på ein gong.
Tveiti sag har vore i samanhengande drift frå 1700- talet til fram mot slutten av 1970-åra, og er truleg den saga i Noreg som har vore i lengst samanhengande kommersiell drift
I 1986 vart saga freda og vart nyrestaurert i 1992.
Ei ny stifting kom i gang i 2002, og i dag er det tilsett sagmeister ved saga. Det er såleis mogeleg å sjå det gamle handverket verta utført på ei godt vedlikehalden sag som er over 100 år gamal! Material som vert skore her vert seld til andre restaureringsformål som t.d.Bryggen, Bergen, men også private kan få kjøpt om det er ynskjeleg.