Tveitetunet

Tveitetunet i Herand, hesjing - ei kulturminneMidt i hjarte av Herand mellom 100 år gamle epletre og den brusande elva, ligg garden Tveite. Eit velstelt gardstun, der den første sorenskrivaren i Hardanger budde ei tid på 1600 talet. 

Omvisning: på forespørsel
Kontakt

Haldor og Berit Tuvin

Tel.:  536 681 07 / 924 544 79

Epost: haldor.tuvin@kvamnet.no og
berit.tuvin@kvamnet.no

 

Tveitetunet - ein tradisjonsrik gard

Tunet har fleire eldre bygningar. Røykstova er truleg frå slutten av 1500 talet, og lemstova med glasstova kan vera frå 1700 talet. Løa som framleis er i bruk og i god stand, er ei grindaløe. I tunet ligg ein stein med skålgroper frå bronsealderen. Etter forespørsel kan ein koma og sjå gamle bruksting og gardsreiskapar som er samla i glasstova. Eigarane forteljar om kvar gjenstandane kjem frå og kva dei vart brukt til.