
Om parken
Landskapsparkar er unike natur- og kulturlandskap, avgrensa av felles kultur og identitetskjensle. Landskapspark er eit internasjonal kjent kvalitetsomgrep for bærekraftig utvikling med natur- og kulturlandskap som ressurs.
Målsetjing
Herand er ein slik landskapspark, og arbeider for å utvikla næring og lokalsamfunn slik at bygda skal vera ein attraktiv stad å bu i og å reisa til. Samtidig som målsetjinga er å ta vare på kultur og kulturlandskap, har ein fokus på vidare utvikling og næringsutvikling. Bevaring og utvikling er viktige stikkord. Gjennom mange år har bygdefolket jobba målretta med å ta vare på det unike Hardanger-landskapet og ulike kulturminne og gjera desse tilgjengelg for alle.
Ei prisbelønna bygd
”Herand –den kulturhistoriske bygda” har vorte kjend gjennom fleire prosjekt, og har vunne fleire prisar for arbeidet sitt:
I 2001 fekk bygda Hordaland fylke sin miljøpris for dette arbeidet og i 2008 både Hordaland fylke sin og den nasjonale kulturlandskapsprisen.
I 2010 vart Herand Landskapspark kåra til Noregs kandidat til den europeiske landskapsprisen 2011. Kven som får prisen vert avgjort i Strasbourg 20. oktober 2011.