Tilkomst

Herand ligg i Jondal Kommune i hjartet av Hardanger.

Frå Bergen:

Kjem du med bil frå Bergen må du ta ferja frå Tørvikbygd til Jondal og vidare køyra ca 13 km på Rv 550 nordover mot Utne. Vegen er ein del av dei nasjonale turistvegar i Noreg. Før du kjem til Herand køyrer du forbi det særeigne Hereiane der du kan sjå blankskurte berg frå fjell til fjord med krokute furetre som klamrar seg fast. Reisetida er ca. 2 timar (inkludert ferje Tørvikebygd-Jondal).

Frå Odda:

Frå Odda fylgjer du Rv 550 mot Jondal. Ved Utne tar du av på Turistveg Hardanger, som snor seg gjennom frodige frukthagar i ca 25 km før du er framme. Ta gjerne ein stopp for å nyta utsikten før du kjem heilt ned til sjølve bygda. Reisetida er ca. 1 time.

Snøggbåten Vøringen:

Mellom 1.mai og 31.okt går snøggbåten ”Vøringen” innom Herand alle dagar. Båten korresponderer med buss til/frå Bergen. Sjå på tide.no >>

Frå Norheimsund til Herand:

kl 8.55

17.50

Frå Herand til Norheimsund:

08.22

kl 17.07

 

Bussruter | Ferje- og Båtruter | Vegmeldingar